Redaksjonsmøte med fotogruppa!

Medialinja ved Sogndal vgs har eigentleg utplassering i veke 9, men eg valte å ta den i vinterferien (veke 8), fordi då kunne eg vere med Bratt Moro/Fjellsportfestivalen å ta bileter. Eg har i det siste utvikla ein intresse for ski og snowboard, og er glad i å vere ute å ta bileter. Eg ser på dette som ein stor lærdom, og gleda meg veldig til å byrje. Torsdag 21. februar byrja "eventyret" med eit redaksjonsmøte. 

Klokka 16:00 møtte eg opp på Quality hotell, klar for redaksjonsmøte. Eg var usikker på kor eg skulle gå, og enda opp på feil rom. Aslak Os ringte meg, og forklarte kor dei satt, så eg fann fram til slutt.

Vi snakka om dei forskjellige vaktane våre, og kven som skulle fotografere kva. Eg fekk i oppdrag om å først fotografere speedrider, og deretter DH-sykkel med to andre. På lørdag skal eg fotografere kinesiskutfor. Vi snakka også om korleis vi skal levere bileta, og korleis vi skal redigere dei. Leveringen blir via dropbox, og som regel er det berre litt redigering på lys og fargar. I dropboxen skal vi levere 5-25 bilete kvar frå kvar event. Vi skal velge ut dei beste, og deretter skal redaksjonen velge ut dei som skal på trykk.

 Fredag 22. Februar om morgonen, ringte Aslak meg, og fortalte at eg trengte ikkje å fotografere speedrider, fordi forholda kunne bli litt vanskeleg. Det kunne bli vanskeleg å komme seg opp dit eg skulle stå for å få gode bileter, og vinden kunne snu. Eg fekk eit oppdrag om å ta bilete av Flat moro, som foregår på Quality Hotell. Etter det blir dett opp i Hodlekve i 13-tida.  



Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar


Profilbilde />
</a></div></div>
<div id=

Christine Gjøen Bøe

Media blogg :D

Kategorier

Blogg/

Arkiv

Februar 2013/ Mai 2012/ Mars 2012/ Desember 2011/ November 2011/
hits