Fjellsportfestivalen 22. februar

22. februar

Sida eg ikkje skulle bli med speedrider, så var eg på hotellet for å ta bileter mens Flat Moro var i gong. Då eg kom fram, var det ikkje så mange der, så eg starta med å få eit frivellig armbånd, slik at eg kan ta skibussen gratis på festivaldagane. Etter kvart kom Ragnhild, May-Tone og Andrea frå klassen, og eg vart med dei. I baren fant vi mange forskjellige spel, og vi satt oss ned for å spele Scrabble. Eg fann ut at dette var ein bra plass å ta bileter av Flat Moro, sida Flat Moro går ut på å slappe av på hotellet, spele brettspel og slikt. Eg kom dessverre på siste plassen i spelet, men det var kjekt.

Når klokka nærma seg 12:30 ringte eg transportsjefen, for Aslak Os sa eg måtte gjere det for å komme meg fram til Hodlekve. Det gjekk ingen bussar på dette tidspunktet. Etter kvart møtte eg ein på hotellet som skulle køyre meg. Vi prata litt om ski og diverse i bilen, og eg fekk vete meir om DownHill sykkel, som eg skulle ta bileter av. Konseptet er at 12 personar blir frakta heilt opp på toppen av Hodlekve, og skal sykle nedatt. Sida eg ikkje har ski, og aldri har vore i Hodlekve før, så blei eg plassert litt nede i bakken, slik at eg fekk med meg om noken fallt i ein sving. Publikum plasserte seg rundt om kring for å sjå, og alle venta i spenning. I mellomtida gjorde eg klart kameraet. Å innstille det rett var det lettaste. Då sykklistane kom, gjekk alt så full fart at det var vanskeleg å få med seg. Eg fekk bileter av alle, og eg tykkjer bileta blei bra. Einaste var at eg hadde berre standarslinsa til Canon, som er 18-55mm. Dette objektivet egner seg ikkje så bra til å ta bilete av sykklister i full fart, og som i tillegg er litt langt vekke. Eg måtte zoome ein del inn, og i tillegg beskjære bileta i photoshop. Ellers redigerte eg på lysstyrken, og fargane. På nokre av bileta gjorde eg himmelen meir blå, fordi fargen var så dyster.

Alt i alt har det vore ein fin dag. Blei litt venting, men det gjorde ingenting når sola skein. Eg gleda meg mykje til morgondagen!

Photo by christinegb

 

Biletet er tatt med min mobiltelefon, rett før DH-sykkel. 

 

2 kommentarer

Hansia

23.02.2013 kl.00:05

christinemedia: Fin blogg :)

Christine Gjøen Bøe

24.02.2013 kl.00:04

Hansia: Tusen takk :)

Skriv en ny kommentar


Profilbilde />
</a></div></div>
<div id=

Christine Gjøen Bøe

Media blogg :D

Kategorier

Blogg/

Arkiv

Februar 2013/ Mai 2012/ Mars 2012/ Desember 2011/ November 2011/
hits