Fjellsportfestivalen 23. februar

Dagen byrja med at eg, May-Tone, Ragnhild og Andrea måtte ta skibussen som gjekk 10:30 opp til Hodlekve. Dei skulle dekke kinesisk utfor junior, og eg skulle fotografere junior og senior. Kinesisk utfor går ut på at så og så mange juniorar og seniorar skal starte samtidig, og det er om å gjere å komme først til mål. Junior starta ikkje før 13:30, så vi hadde mange timar å slå i hjel. Vi satt inne med cafeen, og fekk litt informasjon om kor vi skulle gå for å komme oss til løypa. Sola skein, og heile gjengen ville berre ut i bakken for å stå på ski/brett. Ca. klokka 13. gjekk vi mot løypa, og vi kom fram i god tid. Eg jobba med blendar, lukkertida og ISO'en mens vi venta på at juniorane skulle starte. I dag valte eg å bruke min Sigma 30mm f/1.4, fordi eg skulle ta bileter av følelsane til dei som vant, korleis dei reagerte og slikt. I tillegg skulle eg ta litt miljøbilete. Føler at dette objektivet passar betre til det enn standardobjektivet. Då dei to første juniorane kom til mål, stod eg for langt unna, så fekk ikkje bileta slik eg ville. Dei måtte croppast ein del i photoshop under redigeringen. Då seniorane kom til mål stod eg nærmare, og bileta blei litt betre. Eg redigerte litt på lyset. Fargane og lyset var ganske så bra, så det trengst ikkje så mykje redigering. Bileta er no levert inn, og utplasseringa mi for denne gong er ferdig. Har hatt det utruleg kjekt, og skulle gjerne ha vore med meir.


Vi måtte gå eit stykke for å komme fram. På biletet ser vi May-Tone, og det er eg som er fotografen. 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits